Ofte stilte spørsmål.

Skal du på Jordeplerock 2024, men lurer på noko angåande kjøp av billettar? Då er dette sida for deg!

Bør eg kjøpa billett tidleg?

Ja, det bør du. Førre Jordeplerock vart heilt utseld. Me forventar å bli utseld også i 2024. Me anbefalar difor at du sikrar deg billett tidleg.

Kan de halde av billettar for meg?

Nei, vi kan ikkje halde av billettar. Billettar er tilgjengeleg på nett og vil vera tilgjengeleg der heilt til festivalen er utseld.

Når er Jordeplerock 2024?

Jordeplerock er alltid siste helga i juni. I 2024 vert difor Jordeplerock arrangert 27.- 30. juni.

Når vert billettane lagt ut?

Billettar for Jordeplerock 2024 er ute for sal og kan kjøpast her.

Kor kan eg kjøpe billett?

Lenke til billettsalet finn du i menyen eller ved å klikke her.

Når må eg kjøpa billett?

Billettsalet er opent. Du kan kjøpa billett når du ynskjer det, men me anbefalar at du er tidlig ute. Førre Jordeplerock vart heilt utseld, og det var ikkje mogleg å få tak i billettar den siste tida før festivalen. Me forventar difor at Jordeplerock 2024 vert utseld i god tid før festivalen. Du bør difor vera tidleg ute for å sikra deg plass.

Kan eg kjøpa billett til berre ein konsert?

Nei, du kan ikkje kjøpa billett berre til ein konsert. Vil du inn på ein spesifikk konsert, må du kjøpa dagspass for fredag eller laurdag, alt etter kva dag din favorittartist opptrer.

Kven skal opptre på Jordeplerock 2024?

Du kan sjå kva artistar som opptrer på Jordeplerock 2024 her.

Må eg ha med meg legitimasjon?

Ja, alle som skal inn på Jordeplerock må ha med seg gyldig legitimasjon! Det er ikkje tilstrekkeleg å ha med seg bilete av legitimasjon. Einaste gyldige legitimasjon er bankkort med bilete og fødselsnummer, førarkort, nasjonalt ID kort eller pass (ikkje naudpass). Har du ikkje med deg gyldig legitimasjon, kjem du ikkje inn på Jordeplerock. Du kjem heller ikkje inn om du berre har med deg bilete av legitimasjon. Digital førarkort vert ikkje å rekna som gyldig legitimasjon.

Kor gammal må eg vera for å kjøpa billett til Jordeplerock?

Jordeplerock praktiserar “konfirmasjonsalder” som aldersgrense. Det vil sei at du må vera fødd i 2009 eller før for å koma inn på Jordeplerock. Personar under 18 år vil ikkje få alkoholband. Personar under 18 år som drikk eller er i befatning med alkohol, vert bortvist frå festivalen.

Kva kostar billettane?

Billettane har ulik pris, alt etter kva billett du vil ha. Sjå denne sida for informasjon om prisar.

Korleis kjem eg meg til og frå Jordeplerock?

Du kan koma deg til og frå Jordeplerock på mange ulike vis. Me tilrår å nytte tilbodet vårt, JordepleBuss. Elles ligg Lærdal sentralt til mellom aust og vest, og det er rutebussar som køyrer gjennom dalføret nokre gonger om dagen. I Lærdal har me også lokal taxi, dersom behovet for transport over kortare distansar melder seg.

Kan eg kjøpa billett til JordepleBuss same dag?

Dersom det er ledige billettar, kan du kjøpa billett same dag. Det er viktig å merka seg at bussane vanleg vis vert utseld på førehand. Dersom du vil vera sikker på at du får plass, bør du kjøpa billett til bussen samstundes som du kjøper festivalbilletten din.

Eg køyrer bil til Jordeplerock - kvar kan eg parkere?

Det er parkering i umiddelbar nærleik til festivalområdet. Parkering er gratis, men skjer også på eige ansvar. Jordeplerock har ikkje vakter på parkeringa til ei kvar tid.

Kor kan eg overnatta?

Du kan overnatta på JordepleCamp. Dette er vår eigen festivalcamp, og du må ha med det telt eller campingvogn. Informasjon om JordepleCamp finn du her. I tillegg kan du sjølvsagt ta kontakt med andre campingplassar og hotell i Lærdal som tilbyr overnatting.

Kan ein kjøpa mat på festivalen?

Det er klart du kan! Vår unike meny byr på smaksopplevingar av det sjeldne. Likar du ikkje jordepler derimot, kan det bli ei svolten festivaloppleving. Les meir om JordepleMat her.

Eg kan ikkje koma på Jordeplerock 2024 like vel - kan eg få pengane tilbake?

Nei, du får ikkje pengane tilbake dersom du har kjøpt billett men like vel ikkje kan delta på Jordeplerock 2024.

Eg har ledsagerbevis - korleis kan eg få tak i billett?

Du må kjøpa billetten din på nett. Deretter sender du bilete av ditt ledsagerbevis og navn på ledsager til helge@jordeplerock.no, så vil vi utsteda billett til ledsager og senda dei til deg på e-post. Me garanterer at du får ledsagerbillett så lenge du har kjøpt billett til deg sjølv. Skulle Jordeplerock 2024 bli utseld, vil vi like vel utsede ledsagerbillett til dei gjestene.

Eg vil vera frivillig på Jordeplerock - korleis kan eg melda meg?

Du kan melda deg som frivillig og lesa meir om det å vera frivillig på vår frivillig-side. Den sida kjem i løpet av Januar.

Følgjebillett

Personar med gyldig følgjekort kan ha med seg følgje inn på festivalen utan kostnad. Følgjekort må framsynast ved inngangen og billett for følgje vert ustedt der. Den med følgjekort bestiller billett som vanleg gjennom våre heimesider.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar: